Søk i tildelinger
År:

Kategori:
Søketekst:

P 7833 Sogndal Kyrkjelege Fellesråd får økonomisk støtte til lynvernanlegg og nye flomlys i Fjørland kyrkje

Dette ble klart da Stiftelsen UNI i sitt styremøte 20. oktober 2022 besluttet å innvilge kr. 150.000 til ovennevnte prosjekt

Fjærland kyrkje vart bygt i 1861 og er listeført av Riksantikvaren. Kyrkja er ei langplankyrkje, men fekk tilbygg av sideskip i 1931. Sidan Fjærland kyrkje er ei listeført kyrkje må det søkjast om godkjenning av tiltaket frå vernestyresmaktene før det kan utførast.

Fjærland kyrkje har ikkje lynvernanlegg i dag, og hovudspenningsvern er ikkje etablert i el-tavle. Det er difor ynskjeleg å få dette på plass for å auke brannsikkerheita for kyrkja. Etter el-kontroll i 2022 vart det også avdekka manglar og skader på flaumlyset ved kyrkja. Sjølve lyskastarane må skiftast ut, men me vonar at leidningsnettet til desse kan brukast vidare.

Prosjektet
• Det vart utarbeida ein plan for lynvern for Fjærland kyrkje i mai 2021 av Armand Consulting AS. Denne planen dannar grunnlaget for gjennomføring av tiltaket. Det må monterast lynvern som går frå kyrkjetaket og tårntaket og ned til jorda. Lynvernkabelen vert festa med ulike typar klemmer og beslag på tak, renner og nedløp. Det må monterast ringjord i grusgang rundt kyrkja, og denne må koplast opp til hovudjordskinne i el-tavle inne i kyrkja. Overspenningsvern er ikkje montert i sikringsskåp i kyrkja pr. i dag, og dette må også monterast no.

• Flaumlysa ved Fjærland kyrkje er av eldre dato, og etter el-kontroll i 2022 vart det oppdaga manglar ved desse. Det er ynskjeleg å skifte ut lysarmatura, og då også skifte desse ut til ledbelysning. Det må sjekkast om leidningnettet/kablar til desse kan gjenbrukast eller om desse også må skiftast ut. Det er totalt 4 stk. lysarmatur for flaumlys på gravplassen. Det er ynskjeleg å halde på same tal lysarmatur og plassering.

Stiftelsen UNI
Stiftelsen UNI er en stiftelse med ideelt formål å fremme allmennyttig virksomhet innen skade- og miljøvern, for derved å bidra til en trygg utvikling i det norske samfunn. Stiftelsens bidrag skal i første rekke være økonomisk støtte til prosjekter og påskjønnelse til institusjoner og enkeltpersoner

Les mer



Stiftelsen UNI
Gaustadalleen 21
0349 Oslo

Telefon: +47 46292921

uni@stiftelsen-uni.no

Kontakt oss