Søk i tildelinger
År:

Kategori:
Søketekst:

P 7830 Stiftinga Museumssenteret i Hordaland får økonomisk støtte til reparasjoner på Nybyggarstova

Dette ble klart da Stiftelsen UNI i sitt styremøte 20. oktober 2022 besluttet å innvilge kr. 150.000 til ovennevnte prosjekt

Notat fra Vestnorsk Utvandrersenter:
Nybyggarstova, bygd i lafta eik, er sett opp av Karen og Andreas Olson Seem i Underwood Minnesota, USA i 1869. I bruk til 1956, demontert og flytta lokalt. Demontert i USA i 1997 og flytta til Sletta på Radøy og gjenopna i 2000. Det å flytte trebygningar frå det tørre midvesten i USA til det fuktige vestlandsklimaet viser seg å vere vedlikeholdsmessige krevjande.

Nybyggarstova frå 1869 er den største utfordringa i bygningsmassen på Utvandringssenteret. Den er glassa inn for å hindre fukt som fører til rote, men dei store glaspanela knuser ettersom bygningen lever og rører på seg etter temperatur- og fuktsvingingar. Etter fleire år med knuste glaspanel og dyre reparasjonar har vi no kome fram til at den beste løysinga er å demontere glasspanela på begge langsidene og i vestgavlen, der dei største problema har vore, og sette opp liggande kledning på desse veggane.

Det var liggande kledning på huset også då det stod i Underwood, Minnesota. Då det er behov for ei viss sikring og oppretting vil ein nytte dette høvet til å montere opplengjer utvendig og innvendig og bolte desse saman med gjengestål. Dette tiltaket vil ikkje rette opp veggane, men vere med på å sikre og stabilisere dei, i tillegg til at ein får bukt med fuktproblemet. Dei utvendige opplengjene vil då og fungere som spikarslag.

I gavlen mot aust, inn mot tunet, har glaspanela fungert greit og vi vil difor behalde dei her. Dette vil og gjere at dei opphavelege eiketømra veggen med «chink» blir synleg, noko som vil ha ein viss formidlingsverdi.

Etter at glasplatene er fjerna må sementen i omfara mellom stokkane fjernast før det kan leggast i ny. Denne teknikken kallast chinking og er mykje nytta i USA og Canada, men ikkje brukt her i landet. Det var opphaveleg brukt ei leireblanding, som vi har oppskrift på og som vi vil bruke når det no blir lagt i på nytt. Dett er eit stort og tidkrevjande arbeid, som vil gjere istandsettingsprosessen langt meir omfattande enn om det berre gjaldt å demontere glaspanel, sikre og rette opp og sette opp ny kledning.

Stiftelsen UNI
Stiftelsen UNI er en stiftelse med ideelt formål å fremme allmennyttig virksomhet innen skade- og miljøvern, for derved å bidra til en trygg utvikling i det norske samfunn. Stiftelsens bidrag skal i første rekke være økonomisk støtte til prosjekter og påskjønnelse til institusjoner og enkeltpersoner

Les mer



Stiftelsen UNI
Gaustadalleen 21
0349 Oslo

Telefon: +47 46292921

uni@stiftelsen-uni.no

Kontakt oss