Søk i tildelinger
År:

Kategori:
Søketekst:

P 7800 Sunnhordland Museum får økonomisk støtte til restaurering av interiør i Ådlandstova

Dette ble klart da Stiftelsen UNI i sitt styremøte 20. oktober 2022 besluttet å innvilge kr. 250.000 til ovennevnte prosjekt

Ådlandstova er det fyrste profane bygg i Noreg, som vart teke vare på av “Foreningen til norske Fortidsminnesmerkers bevaring, avdeling Bergen og Hordaland” i 1877. Då kulturminnelova kom vart røykstova freda og registrert som middelalderbygg.

Bygget ligg i Sunnhordlandstunet i lag med resten av dei ni andre historiske bygga i Vidsteensparken, Leirvik. Etter stiftinga av - Sunnhordland folkemuseum og sogelag - i 1913, vart bygget nytta som lagringsplass for gjenstand-samlinga til laget. Ådlandstova vart kjøpt av sogelaget i 1934 og flytta frå Øvre Ådland til Vidsteensparken same år.

I dag er Ådlandstova det einaste bygget som er i Sunnhordland Museum si eige som er freda. Det 35 rutemeter store rommet er den største tømra stova i Sunnhordland museum si eige og står sentralt i tunet i Vidsteensparken. Det er tradisjon for å tru at Ådlandstova har vore nytta som gildeskåle; middelalderen sitt forsamlingshus. Bygget skal også ha stått på «Gildeskålsbakkjen» like ovafor kyrkja i Frugarden på Leirvik.

Prosjektet
Jordgolvet som er frå 1934 er svært slitt med djupe groper. Det gror sopp under langborda i røykstova. Dette er uverdig i eit så staseleg bygg. Difor ynskjer dei å drenera kring bygget for å leia vatnet bort.

Då bygget stod på Ådland, før flyttinga, var det montert tregolv i bygget. Etter at Folkemuseet flytta ho til Vidsteensparken på Leirvik vart skogbotnen/auren jamna ut og jordgolvet vart slik det er i dag. Etter ein lengre fagleg diskusjon har museet har fått løyve til å montera tregolv i Ådlanstova.

Stiftelsen UNI
Stiftelsen UNI er en stiftelse med ideelt formål å fremme allmennyttig virksomhet innen skade- og miljøvern, for derved å bidra til en trygg utvikling i det norske samfunn. Stiftelsens bidrag skal i første rekke være økonomisk støtte til prosjekter og påskjønnelse til institusjoner og enkeltpersoner

Les mer



Stiftelsen UNI
Gaustadalleen 21
0349 Oslo

Telefon: +47 46292921

uni@stiftelsen-uni.no

Kontakt oss