Søk i tildelinger
År:

Kategori:
Søketekst:

P 7760 Hjørundfjord Kulturvernlag får økonomisk støtte tildigitalisering av gamle filmer

Dette ble klart da Stiftelsen UNI i sitt styremøte 24. august 2022 besluttet å innvilge kr. 60.000 til ovennevnte prosjekt

Ørsta har ei omfattande industrihistorie. Mykje av den er samla mellom to permar i regi av Ørsta kommune. Vi ønsker digitalissering av filmar for å dokumentere Ørsta si industrihistorie.

Diverre har mykje biletmateriale gått tapt, men heldigvis finst det ein del gammalt filmateriale som fortel og syner livet på dei ulike fabrikkane. Dette vil Hjørundfjord kulturvernlag og Ørsta sogelag få gjort om frå 8 mm til eit format som kan visast på vår tidsmaskiner og monitorar.

Ørsta si industrihistorie starta rundt år 1900. Der var mange småindustriar som vart starta i kjellaren til folk, i naust eller uthus. Ørsta er særleg kjent for trikostasjeindustrien, på det meste var det mange hundre arbeidsplassar der. Mange kvinner flytta til Ørsta for å nettopp få arbeid innan trikotasjeindustrien.

Ørsta hadde også ein konfeksjonsfabrikk, Staurset konfeksjon, den starta i eit naust. Framleis eksisterer den, no som finare konfeksjonsbutikk for herrar, men ein kan framleis få sydd tilpassa dressar der.

Ørsta Stålindustri var opphavleg ei smie, den er no leiande innan vegsikring av alle slag under namnet Saferoad, i tillegg lagar dei anlegg til marinaer og innreiingar til fjøs.

No skal Ørsta Sogelag ilag med Hjørundfjord kulturvernlag fått høve til å nytte delar av det nye kulturhuset som skal byggjast i Ørsta til ei utstilling som syner framveksten og utviklinga innan industrien i Ørsta. I hovudsak vert dette ei digital utstilling med fleire monotorar som publikum kan leite seg fram til det ein har lyst å lære meir om.

Stiftelsen UNI
Stiftelsen UNI er en stiftelse med ideelt formål å fremme allmennyttig virksomhet innen skade- og miljøvern, for derved å bidra til en trygg utvikling i det norske samfunn. Stiftelsens bidrag skal i første rekke være økonomisk støtte til prosjekter og påskjønnelse til institusjoner og enkeltpersoner

Les mer



Stiftelsen UNI
Gaustadalleen 21
0349 Oslo

Telefon: +47 46292921

uni@stiftelsen-uni.no

Kontakt oss