Søk i tildelinger
År:

Kategori:
Søketekst:

P 7684 Stiftinga Viti (tidligere Sunnmøre Museum) får økonomisk støtte til ny trappeheis i Apotekergata 16

Dette ble klart da Stiftelsen UNI i sitt styremøte 8. juni 2022 besluttet å innvilge kr. 100.000 til ovennevnte prosjekt

Stiftinga Viti er den største kulturinstitusjonen mellom Bergen og Trondheim, med 63 tilsette. Viti driftar og forvaltar Jugendstilsenteret og KUBE i Ålesund, Fiskerimuseet i Ålesund, Sunnmøre museum i Ålesund, Middelaldermuseet i Ålesund, Naturmuseet i Sykkylven, Møbelmuseet i Sykkylven, Sivert Aarflot-museet i Volda, Anders Svor-museet i Hornindal, Brudavolltunet i Ørsta, Folkemusikkarkivet og ei rekkje flytande kulturminne. Viti er regionmuseet for Sunnmøre og forvaltar kulturhistorie, kunst og ikkje-materiell kulturarv på vegner av samfunnet.

Apotekergata 16 er ein freda jugendstilbygning i Ålesund sentrum. Bygningen vart reist i 1907 for Apoteker Øwre og var designa for å huse Svaneapoteket i første etasje, og bustad for familien Øwre i andre og tredje etasje. Arkitekten var Hagbart Schytte-Berg, og bygningen reknast blant hans beste arbeid.

Bygningen blei freda med alt av originalt interiør i 1985, og frå 2003 har Jugendstilsenteret nytta bygningen som eit museum og kompetansesenter for jugendstil i Norge. Etter konsolidering i 2019 blei eigarskapet av bygningen overdratt til Viti.

Store delar av museet si utstilling ligg i andre etasje, og ein er derfor avhengig av heisløysingar for å møte krav om universell tilgjengelegheit. Ettersom bygningen er freda ligg det sterke bregranskingar på kva slags type løysing ein kan nytte og kvar denne kan være. I gjeldande situasjon er einaste moglegheit ein trappeheis i personaltrappa. Denne trappa er ikkje original og ein har derfor høve til å nytte denne løysinga utan å gjære skade på freda element.

Stiftelsen UNI
Stiftelsen UNI er en stiftelse med ideelt formål å fremme allmennyttig virksomhet innen skade- og miljøvern, for derved å bidra til en trygg utvikling i det norske samfunn. Stiftelsens bidrag skal i første rekke være økonomisk støtte til prosjekter og påskjønnelse til institusjoner og enkeltpersoner

Les mer



Stiftelsen UNI
Gaustadalleen 21
0349 Oslo

Telefon: +47 46292921

uni@stiftelsen-uni.no

Kontakt oss