Dette ble klart da Stiftelsen UNI i sitt styremøte 8. juni 2022 besluttet å innvilge kr. 416.250 til ovennevnte prosjekt
Presthaugen er bygdetunet i Lom, og ligg i direkte tilknyting til Lom Sentrum. Kvar sommar er Lom eit svært populært besøksmål med stor trafikk. Året rundt er Presthaugen verdifull for lokalsamfunn, skule, barnehage og lag og foreiningar.
Gudbrandsdalsmusea har driftsansvar for Presthaugen gjennom ei samarbeidsavtale med Lom kommune. I 2020 vart det gjennomført eit moglegheitsstudium, der det overordna målet var å gjere Lom nasjonalparklandsby meir tilgjengeleg for både lokalbefolkning og tilreisande.
Dette inkluderer:
Oppgradering av turstig av lengde ca. 700 meter gjennom natur og museumsområdet i Presthaugen
Lyssetting av turstig og nokre av husa i museet slik at stien kan nyttast også i den mørke årstida og på kveldstid vår og haust
Sikring av museumsbygningar.
Presthaugen består av 21 tømmerhus frå 1600-,1700- og 1800-talet. Deler av arealet i Presthaugen er klassifisert som "svært viktig" på grunn av naturtype tørr kalkfuruskog, og det er fleire sårbare blomar som det må takast hensyn til. Det er elles viktig at tilrettelegginga blir gjort på ein skånsam måte som medfører minimalt med skade på vegetasjonen.
Telefon: +47 46292921