Søk i tildelinger
År:

Kategori:
Søketekst:

P 7527 Osterøy Museum får økonomisk støtte til istandsetting av Bløddalssmia

Dette ble klart da Stiftelsen UNI i sitt styremøte 6. april 2022 besluttet å innvilge kr. 100.000 til ovennevnte prosjekt

Bløddalssmia vart sett opp i 1887 av Anders Jenssen Gjerstad. Dette var ein av dei første smiene av «fabrikk-typen», og heitte då Gjerstad Låsfabrikk.

Smiinga foregjekk i den første høgda. Maskinar og belg vart drivne av vasshjul. Frå akslingen på vasshjulet gjekk det eit drev til ein stor slipestein, æsa og ein boremaskin som sto i andre høgda der låsane vart monterte. På det meste arbeidde det 6-7 mann i smia som var i drift til ut på 1950-talet. Dei smidde låsar som blei leverte til Wallendahl i Bergen. Innvendig er alt slik det var den siste arbeidsdagen.
Første etasje, er murt med naturstein og er pussa utvendig. Resten av huset er i bindingsverk med liggande kledning.

I 1975 vart smia gjeven til Osterøy Museum, som har nytta den i formidlings-samanheng. Etterkvart har det minka på denne aktiviteten. Dette kjem dels av prioritering av andre prosjekt og bygningar og dels av manglande ressursar til m.a. vedlikehald.

Det er behov for eit større istandsettingsarbeid før smia kan takast i bruk att. Det mest omfattande er å sette i stand pipa, som er murt i tegl. Vidare er det behov for ei omfattande istandsetting av alle vindu i bygningen.
I tillegg må det bytast råteskadd kledning, vindskier og hjørnekasser. Taket over vasshjulet må byggast oppatt på nytt. Dette er tekt med teglpanner.

I Bløddalssmia ligg alt til rette for å formidle mangfaldet av småindustri på Osterøy generelt og smiing spesielt.
Når pipa blir sett i stand og vifte/belg er på plass vil ein her kunne demonstrere smiing og ha kurs.

Stiftelsen UNI
Stiftelsen UNI er en stiftelse med ideelt formål å fremme allmennyttig virksomhet innen skade- og miljøvern, for derved å bidra til en trygg utvikling i det norske samfunn. Stiftelsens bidrag skal i første rekke være økonomisk støtte til prosjekter og påskjønnelse til institusjoner og enkeltpersoner

Les mer



Stiftelsen UNI
Gaustadalleen 21
0349 Oslo

Telefon: +47 46292921

uni@stiftelsen-uni.no

Kontakt oss