Søk i tildelinger
År:

Kategori:
Søketekst:

P 7281 Kraftmuseet - Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum får økonomisk støtte til vedlikehold av arbeiderboligene i Folgefonngata

Dette ble klart da Stiftelsen UNI i sitt styremøte 14. oktober 2021 besluttet å innvilge kr. 150.000 til ovennevnte prosjekt

Folgefonngata er den andre gata i Odda som blei ferdig i tråd med byplanen frå 1907, og arbeidarbustadene her er mellom dei eldste husa i Odda. Dei er bygde i åra 1907/08, og ligg i spesialområde vern. Langs Folgefonngata ligg i dag bygningar for handel, offentlege tenester, bustader og skule. I tillegg til arbeidarbustadene finn me mellom anna politihuset, Domus-bygget og bustadblokka «Murboligen».

Arbeidarbustadene er dei første bygga Kraftmuseet tok ansvar for. Sidan slutten av 1980-talet har dei vore ein viktig del av museet. Kommunen eig nr. 11 og 13, men museet har ansvar for både vedlikehald og formidling. Nr. 9 er i Kraftmuseet si eige. I tillegg til dei tre bustadhusa, er her òg to uthus. Det eine av desse, Buen, vert nytta som forsamlingslokale.

Arbeidarbustadene er verdfulle for Odda-folk flest. Hagen er den einaste offentlege grøne lunga i sentrum, og har betydning for folkehelsa. Difor er det viktig at husa ser fine ut, i tillegg til at det er viktig å halda dei i stand som viktige døme på kvardagens kulturminne.

Det er ingen som bur i boligene. Det er laga til historiske leilegheiter i husa. Det er avgjerande å ta ein omfattande jobb på istandsetting og vedlikehald av bygga utvendig. Bygga har eit dramatisk etterslep på dette. Arbeid med bygga har stått høgt på prioriteringslista dei siste åra, men grunna ressursmangel har me ikkje kunna sett i gang arbeidet. Dette gjer at me heller ikkje har kunna brukt bygga i formidlingssamanheng.

Stiftelsen UNI
Stiftelsen UNI er en stiftelse med ideelt formål å fremme allmennyttig virksomhet innen skade- og miljøvern, for derved å bidra til en trygg utvikling i det norske samfunn. Stiftelsens bidrag skal i første rekke være økonomisk støtte til prosjekter og påskjønnelse til institusjoner og enkeltpersoner

Les mer



Stiftelsen UNI
Gaustadalleen 21
0349 Oslo

Telefon: +47 46292921

uni@stiftelsen-uni.no

Kontakt oss