Søk i tildelinger
År:

Kategori:
Søketekst:

P 7250 Stiklestad Nasjonale Kultursenter får økonomisk støtte til flytting av gård med snekkerverksted

Dette ble klart da Stiftelsen UNI i sitt styremøte 14. oktober 2021 besluttet å innvilge kr. 200.000 til ovennevnte prosjekt

Det er skrevet intensjonsavtale med eigar om at Stiklestad Nasjonale Kultursenter kan få ta over snikkarverkstaden med inventar og våningshuset, om vi klarer å reise økonomi til å flytte alt til folkemuseet ved SNK avdeling Stiklestad.

Historikk - Lektor Museums gate 15 er ein fullstendig bynær gard, som består av eit bustadhus, ein snikkarverkstad, ei materialbod og eit vedskjul. I tillegg er det ein gamal hage med fine element som staudar og grusgangar, gamle tre og restar etter ei fontene. Snikkarverkstaden med masstue vart bygd i 1914. Familien Ingvaldsen budde her medan dei sette opp stova. Snikkarverkstaden er i reisverk, medan bustaden er i plank. Alt har stått nokså urørt sidan 1930-talet.

Inventar - Snikkarreiskapen er både handreiskap og større maskiner. Maskinene er gjerne drevet med motor med reimverk og oppheng i takkonstruksjonen. Dei opphavlege elektriske motorane er framleis i bruk. Også arkivmateriell som komplette årgangar av handverksblad og papir frå kunst- og handverksskolen er ein del av inventaret. Malar, gipsavstøypingar og teikningar frå restaureringa av Stiklestad kyrkje på 1930-talet er bevart. Det var også dette snekkeriet som laga prototypane til dei første våpenrekvisittane til Spelet om heilag Olav. Her er teikningar frå oppbygginga av vassverket tidleg på 1900-talet og malar til både stoler og klokker.

Forsking og formidling - Tilsette ved SNK vil gjennomføre eit dokumentasjonsarbeid med hjelp av intervju med både lyd og bilde, gjennomført i sjølve verkstaden. Innsamling av dokument og familiefotografi vil også styrke grunnlaget for utforming av historiene som skal forteljast i og om verkstaden når det kjem til museet.

Stiftelsen UNI
Stiftelsen UNI er en stiftelse med ideelt formål å fremme allmennyttig virksomhet innen skade- og miljøvern, for derved å bidra til en trygg utvikling i det norske samfunn. Stiftelsens bidrag skal i første rekke være økonomisk støtte til prosjekter og påskjønnelse til institusjoner og enkeltpersoner

Les mer



Stiftelsen UNI
Gaustadalleen 21
0349 Oslo

Telefon: +47 46292921

uni@stiftelsen-uni.no

Kontakt oss