Søk i tildelinger
År:

Kategori:
Søketekst:

P 7239 Avholdshjemmet Korsegata 6 får økonomisk støtte til elo-sikring av lysekronen på Sobra Scene

Dette ble klart da Stiftelsen UNI i sitt styremøte 14. oktober 2021 besluttet å innvilge kr. 90.000 til ovennevnte prosjekt

Kulturhuset Avholdshjemmet vart oppførd i 1906 av arkitekt Einar Halleland, og er bygga i nygotisk stil med innslag av jugend. Eigar er DNT Edru Livsstil, med eit lokalt styre som driv Avholdshjemmet som rusfritt kulturhus under namnet Sobra Scene.

Avholdshjemmet, med adressa Korsegata 6, er oppførd i kommunens verneplan for Ålesund sentrum. Bygget er i bruk som konsertsal med små og store oppsetjingar, storscene for skodespel og andre kulturarrangementar, som selskaps- og møtelokale og til borgarlege vigslar. Avholdshjemmet vert drifta av eit frivillig styre, som legg inn ei betydeleg dugnadsinnsats for å halde det ærverdige bygget ved like.

I storsalen på Avholdshjemmet heng ei svær lysekrone, som vart innkjøpt i 1913. Den har vore fiksa og restaurert på dugnad i åras løp, men er no i ei forfatning som krev ei større innsats av fagpersonar. Det elektriske anlegget som lysekrona er kopla opp til er frå tida etter andre verdskrig, og det er ei oppriktig uro for at både lysekrona og det elektriske opplegget utgjer ei brannfare så vel som ei fare for sikkerheita til dei som skal handtera den.

Dette er ei lysekrone av betydeleg storleik. Konsekvensane av ei vellykka gjennomføring vil være ei fullstendig restaurert, brannsikker og trygg lysekrone. Lysekrona ei heilt sentral del av det storslåtte inntrykket ein får av å tre inn i storsalen. Å få denne på plass igjen, heil, skinande og trygg, vil gjere mykje for dei som driv staden, for leietakarar, for konsertgjengarar og andre som brukar bygget.

Stiftelsen UNI
Stiftelsen UNI er en stiftelse med ideelt formål å fremme allmennyttig virksomhet innen skade- og miljøvern, for derved å bidra til en trygg utvikling i det norske samfunn. Stiftelsens bidrag skal i første rekke være økonomisk støtte til prosjekter og påskjønnelse til institusjoner og enkeltpersoner

Les mer



Stiftelsen UNI
Gaustadalleen 21
0349 Oslo

Telefon: +47 46292921

uni@stiftelsen-uni.no

Kontakt oss