Dette ble klart da Stiftelsen UNI i sitt styremøte 10. juni 2021 besluttet å innvilge kr. 400.000 til ovennevnte prosjekt
Søknad gjaldt støtte til asbestsanering på spoleloftet ved Salhus Tricotagefabrik. I februar 2021 vart det avdekka asbest i støvprøver i fargeri/vaskeri i kjellaren i det freda fabrikkanlegget Salhus Tricotagefabrik. Etter dette er det gjennomført ei omfattande miljøkartlegging i dette området og resten av fabrikken.
Som ein konsekvens av dette har museet vore stengt i ein periode, og har gradvis opna att etter at kartlegginga var fullført og ein fekk avklart at dei aktuelle områda var trygge. Museet har allereie gjennomført grunnleggande tiltak for sikring og tilkomst i delar av lokala, og søker no støtte til å gjennomføre asbestsanering på spoleloftet i Fabrikkbygg 1910.
Sanering på spoleloftet er avgjerande for å kunne gjennomføre omvisingar i fabrikken, då Fabrikkbygg 1910 med spoleloftet er sjølve kjernen i formidlinga på museet.
Dette tiltaket er avgjerande for å sikre helse, miljø og tryggleik for tilsette. For å kunne halde fabrikken open for publikum, ser museet det som svært viktig å komme raskt i gang med arbeidet.
Telefon: +47 46292921