Søk i tildelinger
År:

Kategori:
Søketekst:

P 6909 Rusomsorg Vest, Tafjord får økonomisk støtte til oppbygging av nytt kjøkken

Dette ble klart da Stiftelsen UNI i sitt styremøte 12. april 2021 besluttet å innvilge kr. 100.000 til ovennevnte prosjekt

Rusomsorg Vest, Tafjord, er ein frivillig organisasjon/forening som driv eit idealistisk arbeid blant rusavhengige, basert på eit kristent grunnlag.
Pr i dag er det 11 arbeidarar ved ROV, Tafjord, med ulike stillingsstørrelsar, erfaringsbakgrunn og utdanning. Fleire av desse er frivillige arbeidarar, men står på ordinær vaktplan.

Formålet med ROV, Tafjord, er å vere tilgjengeleg for å gi hjelp og omsorg når rusavhengige ber, og er motiverte, for å ta imot hjelp. Rusomsorg Vest er basert på eit kristent verdigrunnlag med diakonal plattform. Vi har som formål å vise omsorg/ rehabilitering og gi arbeidstrening/opplæring, ettervern og miljøtiltak, å bistå rusavhengige til rusfriheit og/eller auka livskvalitet. Målgruppe er primært menn frå 18 år og oppover som misbruker alkohol, narkotika, medikamenter og/eller en kombinasjon av disse. Det er ein døgnbemanna institusjon med plass til 6-8 personar. Hovudbygget har 6 bebuarrom med bad, dusj og toalett. Romma er nyleg blitt pussa opp i samband med innsetjing av branndører i høve pålegg om brannsikring. I tillegg har senteret to vinterisolerte hytter med to soverom, dusj og toalett, som kan nyttast. ROV, Tafjord, sin bygning i Tafjord har hatt to byggetrinn. Eldste delen av bygget er frå rundt 1890, og den nyaste delen er frå 1975. Oppdateringar og rehabilitering har blitt gjort undervegs. Det siste som er blitt gjort er innsetjing av branndører etter pålegg om brannsikring. Alle bebuarromma er oppdatert med nye golv, malte veggar og skifte/reperasjon av dusjveggar og blandebatteri der det har vore nødvendig. For tida er vi i gang med å montere brannvarslingsanlegg. Utvendig tak på den eldste delen av bygningen skifta våren 2020. Vi gjer mykje dugnadsarbeid, men alt av materiell kostar, og noko arbeid krev sertifiserte arbeidarar.

Hjarta i huset i Tafjord er kjøkkenet. I dette rommet er det aktivitet heile dagen, då det vert servert 4 måltidar kvar dag til mellom 6-12 personar, stundom fleire.

Stiftelsen UNI
Stiftelsen UNI er en stiftelse med ideelt formål å fremme allmennyttig virksomhet innen skade- og miljøvern, for derved å bidra til en trygg utvikling i det norske samfunn. Stiftelsens bidrag skal i første rekke være økonomisk støtte til prosjekter og påskjønnelse til institusjoner og enkeltpersoner

Les mer



Stiftelsen UNI
Gaustadalleen 21
0349 Oslo

Telefon: +47 46292921

uni@stiftelsen-uni.no

Kontakt oss