Søk i tildelinger
År:

Kategori:
Søketekst:

P 6888 Consul Axel Heibergs legat får økonomisk støtte til marmorering av gulv i 1. etg

Dette ble klart da Stiftelsen UNI i sitt styremøte 12. april 2021 besluttet å innvilge kr. 200.000 til ovennevnte prosjekt

På Øvre Amla bygde G. F. Heiberg opp ei privat museums samling rundt førre hundre årsskifte, De Heibergske samlinger. Samlinga bestod av eldre bygningar frå Sogn og gjenstandar knytt til bondekulturen i Sogn. Etter kvart som samlinga auka i omfang bygde Heiberg ein føremålsbygd museumsbygning til gjenstandssamlinga. Arkitekten Holger Sinding-Larsen teikna bygningen som stod ferdig i 1905. Museumsbygningen er ein langstrakt bygning i 2. etasjar der heile første etasje og store delar av andre etasje er via til utstillingslokale, i tillegg er det i andre etasje eit bibliotek. Sinding-Larsen er kjend for sine bygningar i dragestil og museumsbygget på Øvre Amla er eit godt bevart eksempel på desse bygningane.

Med bygginga av museumsbygningen på Øvre Amla fekk Sogn og Fjordane fylke sin første føremålsbygde museumsbygning. Bygningen er godt bevart og har ei høg grad av autentisitet i både eksteriør og interiør. Utstillingsromma i første etasje har bevart dei umåla veggane med relieffdekor på mellom anna søylane, det marmorerte golvet og den monumentale trappa opp til 2. etasje. 2. etasje skil seg frå første etasje ved at arkitekten her har laga eit tydelegare jugendpreg i interiøret sin dekor. Dette gjer at romma her verkar opnare og lysare noko som og dei store takvindauga bidreg til.

I 1909 overdrog G. F. Heiberg den private samlinga si til Historielaget i Sogn. Samlinga utgjer i dag hovudtyngda til Sogn Folkemuseum – De Heibergske samlinger som er eit av landets eldste folkemuseum. På 1970-talet var det behov for meir plass til museet, og ein starta arbeidet med å flytte samlinga til Vestereim på Kaupanger der Sogn Folkemuseum – De Heibergske samlinger ligg i dag. Etter flyttinga av museet står Heiberg sin museumsbygning frå 1905 att på opphavleg plass på Øvre Amla.
På bakgrunn av bygningen sin høge grad av autentisitet, arkitektoniske kvalitetar og at den er ein av dei svært tidlege føremålsbygde museumsbygningane i landet, vurderer Sogn og Fjordane fylkeskommune bygningen til å være eit særs verdifullt kulturminne.

Eigar har tatt godt vare på bygningen og den framstår i god stand. Det er behov for å gjere tiltak på taket for å få det tett slik at bygningen også i framtida vert godt bevart. Vi vil difor sterkt tilrå at det vert løyvd tilskot til ei antikvarisk istandsetjing av museumsbygningen på Øvre Amla.

Prosjektet:
Golv i 1. etasje i Det Heibergske Familiemuseum, Amla, Kaupanger, Sogndal kommune skal restaurerast med måla og marmorert tregolv. Golvet er måla og marmorert, med unntak av ca. 30-35 m2 der det har stått monter. Her er golvet brunmåla. Marmoreringa vart utført av målarmeister Anders Kjørnes, Sogndal i 1955-56.

Golvet er inneramma av 14 cm breidt profilert og marmorert listverk. Vel 50 m av golvlistene er brunbeisa (montera stod framfor desse listene då golvet vart marmorert).
Det marmorerte golvet m/listverk er måla i ein gråfarge, med mørkare marmorering. Dette er truleg linoljebasert.

Stiftelsen UNI
Stiftelsen UNI er en stiftelse med ideelt formål å fremme allmennyttig virksomhet innen skade- og miljøvern, for derved å bidra til en trygg utvikling i det norske samfunn. Stiftelsens bidrag skal i første rekke være økonomisk støtte til prosjekter og påskjønnelse til institusjoner og enkeltpersoner

Les mer



Stiftelsen UNI
Gaustadalleen 21
0349 Oslo

Telefon: +47 46292921

uni@stiftelsen-uni.no

Kontakt oss