Dette ble klart da Stiftelsen UNI i sitt styremøte 14. oktober 2021 besluttet å innvilge kr. 300.000 til ovennevnte prosjekt
Båtbyggarmuseet (BBM) er i gong med ein omfattande og langsiktig restaurering av jagtgaleasen «Søblomsten». Søblomsten blei bygd på Vestnes i 1864 og er det einaste kjende gjenlevande fartøyet etter skipsbyggarpioneren Lars Jensen Hammeraas.
BBM er eit sjølvstendig museum som førebels ikkje er underlagt eit av regionsmusea i Møre og Romsdal. Aktiviteten til BBM er primært basert på frivillig arbeid og formålet til BBM er å formidle den gamle og nye skipsbyggarhistoria i Romsdalen til kommande generasjonar. Særs med fokus på maritime aktivitetar til born og unge. Arbeidet som allereie er utførd på galeasen «Søblomsten» er gjort med utgangpunkt i ei tilbakeføring til då skipet var seglskip.
Søblomsten er eit fysisk kulturminne som i seg sjølv representera og formidlar kulturhistoriske verdiar. Det som gjev kulturminnet verdi er kunnskapen om objektet og historia som knyter seg til den tidlege skipsindustrien i Vestnes og Romsdalen. Gjennom å drive ny kunnskapsproduksjon rundt kulturminnet aukar også kulturminneverdien. Fartøyvernet skil seg frå bygningsvernet fordi eit fartøy skal på sjøen, og andre krav til sikkerheit stillast. Dette fører ofte til ein større grad av utskiftingar og større endringar på verneverdige fartøy for å møte formelle krav.
I dette prosjektet ynskjer vi å drive ei kunnskapsbasert restaurering. Vi treng hjelp til å skaffe dette kjeldematerial som vert grunnlag for handverksforskinga og rekonstruksjon av til dømes: Rigg, smedarbeid, skipperlugar, mannskapslugar og lasterom. Vi må tolke spor i primærfartøyet , andre tilsvarande bygningsdelar, fotomateriale, modellar (Kuttermodell bygd av Hammeraas) etc.
Sjøblomsten har status som vernet skip, pr. juni 2020.
Telefon: +47 46292921