Ryfylkemuseet

Sikring av fredet stabbur

27.08.2025

Ryfylkemuseet fikk i styremøte 27. august 2025 bevilget kr. 133.639 til sikring av Guggedalsloftet.

Ryfylkemuseet er eit kulturhistorisk museum stifta i 1981 med samlingar i og frå heile Ryfylke. Museet har hovudsete på Sand i vertskommunen Suldal, og dekker kommunane Sauda, Hjelmeland, Strand, Kvitsøy og dei tidlegare kommunane Forsand, Finnøy og Rennesøy.

Kolbeinstveit er ein levande museumsgard med dyr og vertskap som tek i mot besøkande. Her blir det omvisingar, marknadsdag, konsert og aktivitetsdagar.

På tunet står Guggedalsloftet som er den eldste bevarte trebygningen i Rogaland. Loftet kjem opprinnelig frå Bråtveit i Suldal. Den øvste delen av loftet er datert 1281, medan den nedste er frå rundt 1340. Guggedalsloftet er eit automatisk freda bygg frå førreformatorisk tid.

Opphavleg er bygget frå Guggedal i Suldal, men står i dag på gardstunet Kolbeinstveit, også i Suldal.

Ryfylkemuseet skal gå i gang med undersøkingar med geoteknisk borerigg. Sikringsarbeidet vil inngå i eit forprosjekt der formålet er å etablere eit kunnskapsgrunnlag for ei restaurering av Guggedalsloftet.