Søk i tildelinger
År:

Kategori:
Søketekst:

P 4422 Stiftelsen Lystgården får økonomisk støtte fra Stiftelsen UNI til installasjon av løfteplatform

Det ble i styremøte 28. august 2019 besluttet å innvilge kr. 100.000 til dette formålet

I 2017 ble Stiftelsen Lystgården etablert og leigeavtale med Bergen kommune inngått. Stiftelsen Lystgården har ansvar for forvaltninga av Landås hovudgard.
Ein føresetnad for å få kunne bruke den freda bygninga i tråd med intensjonane og vedtektene, er at de får godkjend bruksendring frå privat bustad til forsamlingslokale/grendehus/lystgård. Ei slik bruksendring utløyser krav om universell utforming og løfteplattform i 1. etasje.

Landås hovudgard ligg oppe i lia på austsida av Bergensdalen, med fasaden vendt ut mot sjølve byen i nordvest. Hovudhuset er eit trehus i to etasjar, med kvitmåla panel og utsvaia valmtak tekt med svart glasert tegl. På austsida er eit lågare tilbygg, raudmåla og med saltak. På 1800-talet var eit stort område nedanfor huset opparbeida som park, og restar av denne ligg att som grøntområde innimellom dei nyare husa. Garden Landås var klostergods i mellomalderen, og deretter del av Lungegårdsgodset. Som mange andre gardar vart Landås på 1600-talet overteken av framståande bergensarar, då garden i 1664 vart pantsett til Samuel Hansen Schreuder, kallskapellan til Domkyrkja.

Lystanlegget ble bygd ut i 1805; hovudhuset vart påbygd med ein etasje rundt 1810, og ein stor park vart anlagt. Etter 1897 er det berre gjort mindre endringar på huset og i 1927 vart det freda. I 1975 vart Landås hovudgard kjøpt av Bergen kommune til prestebustad for Landås kyrkjelyd; første etasje hadde vore leigd ut til dette sidan 1966. I 2014 avslutta Bjørgvin bispedøme leigeavtalen med Bergen kommune om Landås hovudgard som prestebustad og den siste presten flytta ut same året. Stiftinga Berekraftige liv på Landås tok då initiativet til å utgreie moglegheitene for å utvikle eigedomen til eit berekraftig mat og kultursenter.

Stiftelsen UNI
Stiftelsen UNI er en stiftelse med ideelt formål å fremme allmennyttig virksomhet innen skade- og miljøvern, for derved å bidra til en trygg utvikling i det norske samfunn. Stiftelsens bidrag skal i første rekke være økonomisk støtte til prosjekter og påskjønnelse til institusjoner og enkeltpersoner

Les mer



Stiftelsen UNI
Gaustadalleen 21
0349 Oslo

Telefon: +47 46292921

uni@stiftelsen-uni.no

Kontakt oss