Søk i tildelinger
År:

Kategori:
Søketekst:

P 4364 Grendahuset Ljosheim får økonomisk støtte fra Stiftelsen UNI til brannsikring

Det ble i styremøte 28. august 2019 besluttet å innvilge kr. 150.000 til dette formålet

Grendahuset Ljosheim ligg på garden Flatekval i Eksingedalen i Vaksdal kommune. Huset er bygt i 1897 og er eitt av Noregs eldste ungdomshus. Grendahuset er eit verdifullt kulturminne som no har eit stort behov for vedlikehald, brannsikring og bygningsmessig oppgradering. No har det opparbeidd seg eit betydeleg etterslep på vedlikehald og oppgradering; ikkje minst når det gjeld brannsikring. Det vil ikkje vera mogeleg å gjera arbeidet som må til for å sikra og oppgradera huset utan økonomisk støtte utanfrå.

Huset er i bruk til sosiale og kulturelle tilstellingar, møter osv., men bruken har vorte meir og meir avgrensa på grunn av for dårleg vedlikehald og manglande oppgraderingar.

Grendahuset Ljosheim er eitt av Noregs eldste ungdomshus, og er eit verdifullt kulturminne som no har eit stort behov for vedlikehald og oppgradering. Historia til huset er både interessant og brokete. Det starte i 1881 med «Flatekvål Bokforeining». Det vart samla inn pengar frå bygdefolket, og kjøpt inn bøker som var til utlån. Desse skulle gje ungdomen opplysning, allmenndanning og arbeidshug.
Etter kvart vart det trong for ein møteplass med lager åt den stadig veksande boksamlinga, og i 1893 vart det vedteke å byggja eit ungdomshus. Huset stod ferdig våren 1897. Alt på stiftingsmøtet same år vart det bestemt at Ljosheim skal vera bygda sitt hus, og dei lagde vedtekter for dette. I storsalen er tak og vegger slik dei var i 1897, i drakestil. Takstolen likeså. Utskjeringane er truleg gjort av Andreas N Høvik (f 1885), og teppa er vevde av Anna Flatekval f 1878. Eit stort drikkehorn står på ei hylle oppe på veggen, utskore av kunstnaren Katarina Saltnes, f 1862.

Stiftelsen UNI
Stiftelsen UNI er en stiftelse med ideelt formål å fremme allmennyttig virksomhet innen skade- og miljøvern, for derved å bidra til en trygg utvikling i det norske samfunn. Stiftelsens bidrag skal i første rekke være økonomisk støtte til prosjekter og påskjønnelse til institusjoner og enkeltpersoner

Les mer



Stiftelsen UNI
Gaustadalleen 21
0349 Oslo

Telefon: +47 46292921

uni@stiftelsen-uni.no

Kontakt oss